Notater |
- Om Stein Sjurson Sandven:
Stein var komen til bu nads på Sandven i 1615 på den luten faren hadde hatt, 1 laup smør, 1 hud. Han sat som bygselmann på den ne jordi, men åtte ei mengd jordegods utanfor. Soleis åtte han i Heradstveit i Jondal sokn, Folkedal, Hereid og Torsnes. Saman med morbroren Olav Torbjørnson åtte han i Selsvik, Bleie, Flotve, Røyso, Moo, Fenno, Gjerstad Voss, Skogasel, Våge Varaldsøy, Dale og Haukenes i Karmsundet og Rokne på Voss. I 1657 fostra Stein 9 naut og hest, 7 geiter og 13 sauer på sin gard. Stein er ikkje so ofte nemnd, men han var visseleg ein gjæv mann i bygdi. I 1630-åri er han ombodsmann for Vikøy kyrkja. Han let då halda ei større omvøla på huset, og etter «høye ordre» frå styresmaktene let han setja opp ein gapestok på kyrkjebakken på nordsida av inngangs porten. Denne innretningen kosta med lekkje og halsjarn 1 sletdalar.
Kilde : VFS side 66 i Mette-Marit - Hardanger-aner Kap. 7: Brita Olavsdotter Heradstveit - aner
|