Notater |
- Rasmus brukte i 1646 1/2 laup smør 2 faar i garden - det tilsvara 1 laup smør, eller 2/3 av garden.
Rasmus Knutson var frå Bogstad i Breim. Han og brørne er nemnde i ei rettssak om pantsett jordegods som Rasmus hadde løyst inn, men som den eldste broren Erik Knutson Bogstad gjorde krav på. Dei to andre brørne som er nemnde i saka er Hans Knutson Fløtre og Anders Knutson Fløtre. Saka enda med forlik der Anders Knutson sa seg villig til å flytte frå Bogstad i 1653. (Kjelde: Nordfjord tingbok 4, fol. 59.) I tingbok 6. fol. 13 er Rasmus Førde nemnd på vegne av broren Berdon Knutson. Dei var søner av Knut Knutson (fødd kring 1560) frå Skryppa, bonde på Bogstad.
- Garden Førde låg fram til 1964 til Breim i Nordfjord, men vart ved kommunereguleringa flytta over til Jølster i Sunnfjord. Garden er med i den gamle bygdeboka for Gloppen-Breim av Jakob Aaland, og med i bygdeboka for Jølster ved A. O. Klakegg. Men ein gard som har vore i grenseområdet mellom to sorenskriveri, mellom to prestegjeld og (ei tid) mellom to futedømme, er det ikkje lett å halde styr på i kjeldene. Difor har eg laga ei revidert utgåve av opplysningane som gjeld dei eldste slektsledda på garden. Sjølve teksten er laga i 1986, og eg har nytta den ved gjevne høve, men den har ikkje vore publisert tidlegare.
|