Notater |
- I følge kilder blir det fortalt:
Etter foreldri hennar var det 32 garder som ga buet 3.403 riksdaler. Margreta arva Helland, og Store Linga i Strandebarm der Peder var bonde.
Peder fikk 17 barn,.
Konf Fusaboken bind side 68;" Per kom ikkje lengre enn til teologisk student han erva mykje ordgods etter foreldri og var ein heller rik mann. Men han rota seg bort i "kvinnfolkhistoriar", og det øydala honom. Evnene hans var vel heller ikkje noko å skryte av. Men gjestebodsmann var han, so han var på eit vis "populær" i bygdene. Men gjentane kunne han ikkje lata vera i fred, fekk soleis to born "på laust" i 1702, og kona søkte om seperasjon. -- For desse "leiermålsakene "skulle han få lida, men freista å komme seg undan og ville få ein mann i Bergen til å hjelpe segmed å få i hop eit falskt kongebrev. men dette var oppdaga. så rømde han med gjenta si, vart knepen i bergen og kom heimatt i jarn. So vart det til at kongen ved do fekk halve buet og han sjølv end til bergverki i Trndelag høsten 1702.. Han kom heimatt i 1705. Men framleis var han den store velsedde karen og "seigneur" i gjesteod og som velsedd fadder. "Presteper" kalte folk honom. -- Han sette seg in dag ihøgsætet og skifte garden isin med faste grenser. og soleis har dei vore sidan. Men grisene å Litlelinga skøtte ikkje om grenser. dei kom heimp bøen hans ein dag. Ha sette etter deim med eimn staur -- og han seig i hop og var død. --- Han hadde laga gravskrifti si sjølv, og sjølsagt på latin: " Quid homo! Quid bulla! Nec nisi cylindrum! Sed mors Messiæ salus nostra -- et cum Christo resurgerev- nostrum est P.R.S. -- Terra Cadusa vala - Vermes Salve - Recumbo". Det tyder: " Mennesket og støvet er berre eit hylster, døden åt Messias er vår frelse og stå opp med Kristus vår vinning. -- P.R.S (Peder Rasums Søn). Farvel jorderike. vel møtt makker! Eg legg meg til ro". ( sjå Vinnes bnr 6).
|