Notater |
- Eg trur eg vil skriva litt om Høgestøl-folket, folket aat Kristian Torbjørnsen som var gift med Ragnhild Pettersdatter og budde paa Spansteigen:
I siste halvti av 1700 talet kom der tre brør fraa Risa i Strandebarm og ut i Mauranger, og fekk seg gifte og heim derute. Ein budde paa Klubben paa Aarvikstrando og ein paa Klubben paa Lyngstrando og ein på Sundalsfloto.
Eg har foresten snakka med fleire fraa Mauranger om det, men ingen kjennest ved navnet Sundalsflota, so det kan hende eg myssminnst. JaJa, Anders Hansen Risa heitte denne, og sonen Torbjørn Andersen. Dei kalla han "Flota-Torbjørn". Mor hans var fraa Bonhus, og dei seier folke hennar set som garsfolk paa Bonhus den dag i dag.
Desse "Risane" skal ha stor etterslekt i Mauranger, og dei merkjer seg alle ut med aa vera originale i snakk og tenkjemaate. "Klubbadrædln" kallar moringane denne originaliteten - etter desse Klubban-karane.
"Flota-Torbjørn" reiste til Ola i Helvikjo for aa tena seg fri kongen. Ola i Helvikjo var postbonde, og det var soleis den tid, at den som rodde posten i so og so mange aar tente seg fri for utskriving med so gjort.
Daa Torbjørn hadde tent si tid, baud Ola i Helvikjo han til, at vilde han slaa seg til der ute, so skulde han faa plass under garden, og han skulde byggja so fin stova aat han, at ingen i Helvikjo skulle ha henne likare.
Torbjørn Andersen slo til, for han hadde sikta seg inn paa ei jente bort i Rattavikjo paa Husa (Ølve) so det høvde godt for han med eit lite heimvisst. So fekk han altso Høgestølen, og hytta vart bygd og jenta flytte heim.
Ho heitte Axellina Johnsdatter.
Torbjørn Kristiansen paa Øyjordo fortalde alles det han; at var detta noko stasstova i Helvikjo i gamle dagar, so kunne det ikkje staa rart til med arkitekturen i Helvikjo den tid.
|